Informasjon om Voss Fotoklubb
 

Voss fotoklubb er for amatør-fotografar. Nokon er nybegynnere med enkle kameraer, mens andre har fleire års erfaring med speilreflekskameraer. Dei fleste har no gått over til digitalt, men vi har også nokon som framleis brukar film av den gamle sorten.

  

Klubben er for deg som er interessert i foto. Om du er ung eller gamal, nysgjerrig nybegynner eller gamal meister, ynskjer vi å tilby deg ein møteplass og eit forum for å utvikla interessa di. Minst ein gang i året har vi ein fellestur for fotografering og hyggelig samvær.
 
Klubben vart stifta i 1973 og bar namnet Voss Foto og Smalfilmklubb. Medlemstallet var den gong 21. Seinare vart det namneendring til Voss Fotoklubb. Medlemstallet har vore varierende, og tel i dag 13. Nokre av medlemane frå den gong er framleis aktive fotografar i VFK. 
 
For informasjon om klubb-lokalet, møte-program osv - sjå under fane "program" 
 
Bli medlem i Voss Fotoklubb
 
Er du ny og ynskjer å verta medlem eller berre vera med på eit møte eller to, nøl ikkje med å ta kontakt, for hjelp og rettleiing skal du få, og velkomen skal du vera !
 

Medlemskapet følgjer kalenderåret. Kontigenten for 2010 er kr 400,- for enkelt medlemskap + kr. 120,- per familie-medlem, kr. 200,- studentar og skoleungdom.

 

 
Styret i Voss Fotoklubb 2010 
Leiar: Mike Waring Tlf. 976 54 826
Kasserar: Norvald Fretheim Tlf. 957 01 581
Konkurranse kontakt: Mike Waring Tlf. 976 54 826
Webansvarleg:
 Styret er og å rekna som kontaktpersonar for klubben.
 
 
Dersom de ynskjer å koma med innspel av ulik art, set me pris på det.
 
Postadresse:
Voss Fotoblubb v Mike Waring,
Bjørgåsvegen 62, 5707 Evanger
E-postadresse:
(sist oppdatert April 2010)

Statutter for Voss Fotoklubb

 

Gjeldande statutter for Voss Fotoklubb vart godkjente på årsmøte i jan. 2010

 

§ 1      Formål
Voss Fotoklubb har som formål å arbeide for å auka fotointeresse i distriktet.

 

§ 2      Medlemskap
Alle kan bli medlem i klubben, medlemskap opphøyrer når kontingenten ikkje er betalt.    

 

§ 3      Kontingent

Hoved medlem
Klubbåret vert rekna frå 1. januar til 31. desember. Kontingenten vert fastsett på årsmøte (år 2009 kr. 400,-).og skal vera betalt innan 15. februar. Nye medlemmer som byrjar etter sommarferien betaler 50% av kontingenten. Nye medlemar må betala kontigenten seinast 1 månad etter innmelding.

 

Studentar / skuleungdom

Klubbåret / Kontingent for studentar / skuleungdom vert rekna frå 1. januar til 31. desember. Kontingenten vert fastsett på årsmøte (år 2009 kr. 200,-) og skal vera betalt innan 15. februar.. Studentar / skuleungdom som byrjar etter sommarferien betaler kr. 120,- (dekker  NSFF kontingent). Nye medlemar må betala kontigenten seinast 1 månad etter innmelding.

 

Familie medlemskap

Klubbåret vert rekna frå 1. januar til 31. desember. Kontingenten vert fastsett på årsmøte (år 2009 hoved medlem kr. 400,- og familie medlem kr. 120,-) og skal vera betalt innan 15. februar. Hoved medl som byrjar etter sommarferien betaler 50% av normal kontingent. Familie medlem som byrjar etter sommarferien betaler kr. 120,- i kontingenten (dekker  NSFF kontingent). Nye medlemar må betala kontigenten seinast 1 månad etter innmelding.

 

Medlemmer som ikkje har betalt sin kontingent har ikkje anledning til å leiga klubbens sitt utstyr, får ikkje delta i konkurranser, utstillinger eller arrangementer i klubbens regi.

 

 

§ 4      Årsmøte

Klubben si høgaste myndigheit er årsmøtet.

Årsmøtet skal haldast i januar månad.
Statuttene kan kun endrast på årsmøtet.


Kvart medlem har 1 stemme.
Endringar av statuttene må gjerast med alminnelig flertall blant dei frammøtte.
Det er mogeleg med benkeforslag på årsmøtet.

 

§ 5      Organisasjon
I styret skal det vera minst 3 medlemar. Leiar, kasserar og konkurranseansvarleg (sjå § 9). Styret kan sjølv leige / velje tilleggshjelp når dei finn det naudsynt (f.eks. studie / kurs ansvarleg).

 

§ 6      Utstyr

Voss Fotoklubb eig ein del utstyr. Dersom klubben ynskjer å selje noko av utstyret skal alle medlemmane i klubben få tilbod om å kjøpa. Styret er ansvarleg for at denne prosedyren vert følgd.

 

§ 7      Styret sine oppgåver

Legge opp møteplan.

Skaffe møteprogram, bruke medlemnane i klubben.

Orientera seg og søka om økonomisk stønad.

Tilretteleggja kursverksemd.  (se $ 5)

Sørge for kontroll av medlemslister og kontakt med andre klubbar

Sørge for å halde klubben kjend i lokalmiljøet, ved hjelp av t.d. lokale media og internett.

 

§ 8      Retningslinjer

Retningslinjer for ”Årsmøtet”, ”Årets bilde”, ”Årets fotograf”, Reglar for fotokonkurransar, og retningslinjer for utlån av klubben sitt utstyr.

kan kun endres ved vedtak (se § 10) :

 

 

§ 9      Valg av Styre

Valg av Styre skjer på årsmøtet. Det skal skje ved skrifteleg valg dersom det kreves. Dersom klubben har ein valgkomité skal denne jobbe aktivt for å finna kandidater til dei ulike verva, og framleggje eit forslag om nytt styre på årsmøtet.


Styremedlemmar vert valde for eit år av gangen.

Følgende verv ynskjes besatt som Styre (arbeidsutvalg):
Leiar, kasserar, konkurranseansvarleg.

 

Det skal også velges: Revisor (1 medlem), webansvarleg (1 medlem), studie / kurs ansvarleg (1 medlem).

 

NB:     Det er ikke noko hinder for at eit medlem / tillitsvalgt kan ha fleire verv / funksjonar.

 

 

§ 10    I statuttene menes:

a) Avgjørelse:           
Beslutning som blir fattet på et klubbmøte.

            En avgjørelse skal ha alminnelig fleirtall blant de tilstedeværende.

b) Vedtak:     

avgjørelse av større betydning for klubben eller noen av dens

medlemmar.

 

Dersom tre av klubbens medlemmar, eller styret krever at det skal fattes vedtak i ein sak, skal dette gjerast. For at eit forslag til vedtak skal kunne stemmast over, må det ha vore lagt fram og diskutert på foregående møte, og deretter sendes ut til alle medlemmar før neste møte. Stemmer kan avgis ved fullmakt.

 

§ 11    Eksklusjon

Med medhold i statuttene kan styret foreta eksklusjon av medlemmar som begår brudd på følgende:

 

-          Tyveri av eller hærverk på klubbens eller medlemmar sin eigendom.

-          Manglande tilbakelevering av lånt utstyr.

-          Når kontingenten ikkje er betalt-         

-          Avgjørelse om eksklusjon av andre grunner, og andre straffer skal fattes som vedtak.

 

§ 12    Klubben sine eigendeler

Klubbens eigendeler tilhøyrer klubben så lenge den eksisterer.

Ved eventuell oppløsning fordeles utstyret likt mellom de daværende medlemmer på den måten dei sjølv blir einige om.