Medlemmane av klubben oppfordres til å senda inn bileta til galleriet
Styret oppfordrer klubb-medlemmane til å senda inn eit utvalg av eigne bilete, slik at vi får vist litt av kva vi står for.
Framgangsmåten blir slik:
Inntil vidare vil dette vera ein manuell prosess, styrt av webansvarleg.
Dvs inga mogelegheit til sjølv å leggja ut bilete direkte.
Målet er at medlemar i framtida kan utføra dette sjølv
Send bileta til klubben si e-post adresse, så lagar webansvarleg galleriet etter behov
Me begrensar det til maks 6 bilete per medlem
Bileta må vera klargjorde for webpresentasjon, dvs eigna størrelse for skjermvisning.
Bredden på biletet må derfor være maksimum 450pixler .
Filformatet er jpg, og filstørrelsen bør ikkje vera større enn 500 kB per bilete.
Webansvarleg kan vise medlemane korleis ein klargjer bileta.
Det er også kjekt og naudsynt med navn og tittel på bileta.
Då skriv du i filnamn f.eks: Ola_Nordman_ Elg i solnedgang_1.jpg
Understreking: _ er tillatt (Sjå eksempel over)
Ikkje bruk tegn som # %A4 % & / ” ? * > < i filnamna.
Ikkje send inn bilete med filnamn som f, eks, DSC_0015 (36)-02 copy_filtered.jpg
Bileta sendes til webansvarleg på post@vossfotoklubb.com
Har du eiga heimeside / biletgalleri på nett som du vil lenkje til, eller har du tips til gode foto relaterte websider som kan vera av interesse for leserane av VFK si heimeside, kontakt webansvarleg på post@vossfotoklubb.com